KVEN KAN DELTA PÅ PF-ARRANGEMENT:

På Futura får alle som er født i 2002-2004 muligheit til å delta på PF-programmet.

KVA ER PF-KRO?

PF-kro er ein sosial møteplass på kvelden etter leirbålstid. Det er ein unik muligheit til å bli kjent med andre på same alder.

 

KVA ER BYMANØVER?

Bymanøveren foregår i Stjørdal sentrum. For å vise innbyggarane i Stjørdal litt kva speiding er inviterar vi alle i født i 2002-2004 til eit postløp der ein dannar lag med andre speidarar og konkurrerar i tradisjonelle og utradisjonelle oppgåver. Det blir bonuspoeng for å danne patruljer på tvers av grupper.

TIL BYMANØVER MÅ PATRULJANE HA MED:

  • 1.-hjelpsutstyr til øving
  • Skrivesaker
  • Kompass
  • Knutetau

 

KVA ER PÅVIRKNINGSTORGET?

Onsdag og torsdag blir det arrangert påvirkningstorg kor DU som patruljefører kan vere med å påvirke korleis forbundet og programmet vårt skal utvikle seg vidare.

Du vil også få mulighet til å trene på tale- og debatteknikk.

 

KVA ER MINIPEFFTIVAL?

Minipefftivalen er ein smakebit på det nye speiderarrangementet PEFFTIVAL som skal arrangerast 21.-23.september på Nordtangen. Les mer om PEFFTIVAL her. Vi går ned til Hellstranda og skal grille, leke og kose oss.